Bygdekvinnelagets Kvinnestipend
Kva gjer bygder opnare, rausare og meir inkluderande?
Med kvinnestipendet ynskjer Norges Bygdekvinnelag å inspirere unge kvinner til å ta tak i praktiske og/eller teoretiske oppgåver/prosjekt/metodar som fell inn under føremålet for prosjektet. Bygdekvinnelaget opnar bygda og dokumenterer og/eller formidlar tiltak som gjer bygder opnare, rausare og meir inkluderande for tilflyttarar frå inn- og utland.
Søkjaren bør også vise korleis oppgåva/prosjektet/metodane kan bidra til:
• Å auke interessa for bygdene si framtid i eit samfunnsmessig og globalt perspektiv.
• Å auke kunnskapen om og forståinga for dei grunnleggjande verdiar og kvalitetar bygdene står for.
Oppgåva/prosjektet/metodane kan gjerne vera knytt til ein studiesituasjon.
Stipendet er på kr 30.000,- i 2011 og 2012. Det er tenkt for kvinner. Søkjarane bør helst vera mellom 18 og 30 år.